Havets sølv

Sildestim, foto Per Eide

Sildestim, foto Per Eide

Silda er tilbake. Og det i ufattelege mengder.
Berre egga tilsvarer 3 gongar vekta av det norske folk. I februar kvart år blir havslettene utanfor Møre dekt av eit fleire meter tjukt kvitt teppe av egg. Og alt dette byrjar å klekke…

Havet utanfor norskekysten er eit av verdas rikaste. Det er silda som omformar plankton til næring for anna fisk, fugl, sjøpattedyr og ikkje minst for oss menneska. Silda vandrar opp og ned langs kysten vår og gir på den måten grunnlag for liv langs heile kysten.

I «Havets Sølv» ønskjer vi å lage ein vakker og storslått naturdokumentar, som først og fremst gjennom eit fokus på dyreatferd og økologiske samanhengar skal skape interesse, inspirasjon, glede og entusiasme for silda og havets økosystem.

Lunde, foto Are Pilskog

Lunde, foto Are Pilskog

Filmen er no i produksjon med sendetid NRK ca ved juletid 2011. I Februar 2011 skal vi følgje silda sørover til gytefelta på Mørekysten, og vi skal ned med miniubåt og filme sildeegga på havbotn. Kva skapningar er det som livnære seg på desse egga? Følg med… det er mykje spennande i vente…

Produsent og regi Are Pilskog

Comments are closed.