Havets sølv

0

This post is also available in: English

Havets Sølv priser (foto Per Eide, Blåst Film)

”Denne filmen gir hele historien om den mest spennende arten i Norsk natur på land og sjø… 

BBC ville ikke gjort det bedre…” Terje Dale, redaktør NRK Natur.

Eit av verdas største og underlegaste naturfenomen finn vi her langs norskekysten!  Det har aldri vorte filma før. Knapt nokon har sett det. ”Havets sølv” er ein storslått,  Bridesmaid Dresses norsk film om gigantiske sildestimar, ein skjør kyst og havdjupets fantastiske drama!

 

Havets Sølv har motteke fleire norske og internasjonale prisar: Brautjungfernkleider

  • Premiere NRK1, mars 2012, sjåartal premiera 671 000
  • Nominert for Amanda for Beste Norske dokumentarfilm 2012
  • Vinner av Beste Norske Kortdokumentarfilm ved Bergen International Film Festival 2012
  • Vinner av Best Film ved the International Film Festival Pelagos i Rome 2013
  • Vinner av Best Independent Film ved the 36th International Wildlife Film Festival i Montana, USA 2013
  • Vinner av Best Ecology and Marine Exploration Film ved World Sea Film Festival i Dunkirk, France, 2013
  • Vinner av Best Photo ved the 17 th International Tourist, Ecology, Sports and Culinary Film Festival MEFEST, Serbia, 2013
  • Vinner av The jury’s special prize ved the 11th Matsalu Nature Film Festival i Estonia, 2013.
  • Vinner av The Jury’s Special Mention Award ved the 7th CMS Vatavaran International Film Festival i New Dehli, India, 2014
  • Vinner av EUIFA Environment Award ved the 16th International Underwater Film Festival i Belgrade 2012
  • Second Runner up Best Nordic Film ved Wildlife Waasa International Film Festival i Finland 2012
  • Nominert for Best Norske Documentarfilm ved the Norwegian Documentary Festival i Volda 2012
  • Nominert for Best Norske Dokumentarfilm ved the Norwegian Short Film Festival i Grimstad 2012
  • Nominert for Best Biodiversity Film at CMS Vatavaran International Film festival, India, 2013
  • Nominert for Roscars Award for Best Sound Design, South Africa, 2013

Andre festivaldeltakinga:

  • Official Selection ved Reel Earth Environmental Film Festival i New Zeeland 2013
  • Official selection ved Al Jazeera International Documentary Film Festival i Qatar 2013,
  • Greenscreen Miljøfilmfestivalen i Oslo 2013
  • Dunkirk World Sea Film Festival i France 2013
  • 5th International underwater film festival “Sprehodi pod morjem”  i Montenegro 2012.

 

> Sjå smakebit frå filmen
> Kjøp filmen i vår nettbutikk
> Sjå liste over kor du kan kjøpe filmen i butikkar og nettbutikkar

 

- Vi er veldig stolt over resultatet. Vi har arbeida med prosjektet i snart fire år, og filmen er ei av Noregs største satsingar innan naturfilm.

Gjennom året følgjer vi silda si forunderlege vandring. I februar kvart år blir enorme havsletter utanfor Møre dekt av eit kvitt teppe av sildeegg. Berre egga tilsvarar 3 gongar vekta av det norske folk!  Likevel, det er få sildeegg som blir til ny sild – eit mysterium i djupet som får dramatiske følgjer:

Den vakre lundefuglen er heilt avhenging av at sildeegga skal bli sildeyngel. Kjem ikkje silda forbi fuglefjella til rett tid må lunden gi opp ungen for å berge seg sjølv. Det har skjedd fleire år på rad. Filmskaper Are Pilskog, som og er biolog, følgjer ein liten lundeunge i fjellhylla på Runde gjennom våren og sommaren for å sjå om ungen bergar. Kjem sildeyngelen tidsnok forbi til at den vesle overlever?

Ved hjelp av undervassfotografar og ein fjernstyrt miniubåt har Pilskog filma dei enorme egg- og sildestimane i havet slik du aldri har sett dei før.  Ein gigantisk, blenkande myriade i havdjupet -  som gir liv til fisk, fugl, kval,  og ikkje minst til oss menneske.  Vi tek ut så mykje sild i kommersielt fiske  at vi kunne ha brødfødt  alle som bur i Noreg med sild – kvar dag året igjennom!

BBC og David Attenbourough har begeistra det norske folk med fantastiske naturfenomen frå alle kantar av verda. Men få er klar over at kanskje eit av dei aller største naturfenomena skjer her ved norskekysten, rett utanfor vår eiga stovedør. Det har aldri tidlegare blitt dokumentert slik som no.

Silda har kome!  Gå ikkje glipp av denne storslåtte naturfilmen!

Lunde, foto Are Pilskog

Lunde, foto Are Pilskog