Blåst, foto Blåst Film

Blåst er eit filmselskap plassert på ytre søre Sunnmøre. Vi lager natur- og dokumentarfilmar for det norske og det internasjonale markedet.

Vi er gode på historier frå det verkelege liv.

Are Pilskog:
are(alfakrøll)blaastfilm.no
Are har i tillegg til film og pedagogikk utdanning ein Master i Økologi ved Universitetet for Miljø- og Biovitenskap. Etter diverse jobberfaringar frå NRK, kom han i 2008 med sin eigenproduserte debut-film «Eit flagrande Mysterium». Are tar rollen både som produsent og regissør, og jobber i hovudsak med naturfilm-prosjekter.


Sturla Pilskog:
sturla(alfakrøll)blaastfilm.no
Sturla er utdanna visuell antropolog frå Universitetet i Tromsø, men har også ein bakgrunn i medieproduksjon frå NTNU. Filmen «In Between» er ei forlenging av masterprosjektet om pilegrimsvegen til Santiago de Compostela i Spania. Filmen «Jakten på det nye Norge» er debutfilmen både som produsent og regissør.


Sidse Torstholm Larsen:
sidse(alfakrøll)blaastfilm.no
Sidse er fødd og oppvaksen i København, Danmark, men har  studert i Norge dei siste åra, derav Master i Visuelle Kulturstudium frå Universitetet i Tromsø, og Dokumentarfilm ved Høgskulen i Volda. Er engasjert i Blåst Film som regissør og klipper. «Jakten på det nye Norge» er hennar debutfilm som regissør.


Siv Midtlien:
Siv Midtlien er utdanna økolog og pedagog, og jobber til daglig som lærar ved Ulstein Vidaregåande Skule. Med sitt engasjement for naturen, har ho blitt  hyra inn som rolleinnehaver og konsulent for «Eit flagrande mysterium», og vore ein av hovudkarakterane i naturdokumentaren «På vingene mot vest» av Corax videoproduksjon.